next up previous contents
Next: Teknisk bakgrunn Up: Omsetjarhandbok for Skulelinux Previous: Skulelinux   Contents

Subsections

Omsetjingsarbeidet


KBabel

Me treng heldigvis sjeldan jobba direkte med PO-filene. KBabel[*] er det viktigaste verktøyet me har for å jobba med omsetjinga, og det finst fleire andre program som gjer det same.

Når me opnar ei PO-fil i KBabel, kan me med ein gong sjå kva for programtekstar som er omsette og kva for tekstar som treng omsetjing.

KBabel er eit Linux-program og kan difor ikkje brukast i Windows. Omsetjarar som berre har Windows kan bruka eit program som heiter poEdit[*]. Det finst for både Linux og Windows, men manglar ein del av dei avanserte funksjonane i KBabel.


Enkel bruk

Du kan opna ei PO-fil i KBabel ved å velja Fil $\triangleright$Opna eller dobbeltklikka på ho i Konqueror. I KBabel-vindauget ser du då den første programteksten i fila på engelsk oppe til venstre og i omsett utgåve like under. Dersom teksten ikkje er sett om, er feltet med den omsette teksten tomt. For å bla fram og tilbake i omsetjinga, kan du bruka knappane på verktøylinja eller tastane Page up og Page down. Statuslinja viser ein del informasjon om fila, til dømes kor mange programtekstar ho inneheld i alt og kor mange tekstar som er uklare og ikkje omsette.

Figure: KBabel er eit svært godt omsetjingsverktøy.
\resizebox*{1\textwidth}{!}{\includegraphics{bilete/kbabel}}

Tabellen viser dei mest brukte tastane i KBabel. Dei er vel verde å læra seg.

Neste melding Page up
Førre melding Page down
Neste uklar eller ikkje omsett Ctrl-Alt-Page down
Tilbake Alt-venstre pil
Fram Alt-høgre pil
   


Katalogbehandlaren

Figure: Katalogbehandlaren viser tilstanden til alle filene i eit stort omsetjingsprosjekt.
\resizebox*{0.7\textwidth}{!}{\includegraphics{bilete/katalogbehandlar}}

KDE inneheld godt over 300 PO-filer. KBabel har heldigvis eit fint verktøy som hjelper oss å halda oversikta. Med katalogbehandlaren kan du lett sjå kva for filer som treng omsetjing, kor mange programtekstar i kvar fil som er uklare eller ikkje omsette, når omsetjinga sist vart oppdatert og mykje anna nyttig.

Før du kan bruka katalogbehandlaren, må KBabel vita kvar omsetjingsfilene ligg. Vel Innstillingar $\triangleright$Set opp KBabel $\triangleright$Katalogbehandlar. (I KDE 3 finn du denne menyen inne i sjølve katalogbehandlaren.) Hos meg ligg malfilene (POT) i /home/gaute/skulelinux/skolelinux/i18n/kde-i18n/templates og dei omsette filene (PO) i /home/gaute/skulelinux/skolelinux/i18n/kde-i18n/no_NY/messages. Du kan bruka katalogknappen ved sida av skrivefeltet for å bla deg fram til rett katalog.

Katalogbehandlaren samanliknar malfilene og dei omsette filene for å laga ei oversikt over tilstanden. (Det kan ta ei stund.) For å opna ei fil i KBabel, kan du dobbeltklikka på ho eller bruka linjeskifttasten på tastaturet. Du kan bruka piltastane for å navigera i katalogbehandlaren (venstre og høgre piltast for å opna og lukka underlister), og Alt-Tab for å byta mellom KBabel og katalogbehandlaren.

Du kan få fram statistikk over ei enkel fil eller ein heil modul ved å høgreklikka på fila eller modulen og velja Statistikk. I denne menyen finn du òg ein del andre nyttige funksjonar.


Omsetjingsdatabasen

Eit anna nyttig verktøy i KBabel er omsetjingsdatabasen. Dette er ein database som inneheld alle omsetjingane på eit språk. Du kan søkja i databasen eller bruka han til grovomsetjing (sjå kapittel 3.5).

Når du første gong opprettar databasen, vert alle tekstane i omsetjinga lagde inn. Seinare kan databasen oppdaterast automatisk kvar einaste gong du set om ein ny tekst.

For å søkja etter ei omsetjing av den teksten du held på med i KBabel, kan du trykkja Ctrl-Alt-1 (eller bruka menyen Ordbøker). Du kan òg starta ordbokmodulen for seg frå K-menyen. Då kan du søkja etter vilkårlege tekstar.


Jamføringsomsetjingar

Når ein arbeider med ei omsetjing, er det ofte nyttig å sjå korleis teksten er omsett på andre språk. Bokmål, dansk og svensk kan vera til god nytte dersom ein set om til nynorsk. I Skulelinux-CVS er ein del andre språk lagde inn. I KBabel kan du bruka ei av desse andre omsetjingane som jamføringsomsetjing. Ved å trykkja Ctrl-Alt-3 kan du sjå korleis ein tekst er omsett på det andre språket. Dersom du vil bruka jamføringsomsetjinga direkte, kan du trykkja Ctrl-Alt-Mellomrom for å setja inn den same teksten. Diverre kan du ikkje samanlikna med meir enn eitt språk om gongen.

For å sjå tekstar som går over meir enn ei linje, kan du bruka musa til å dra ned den linja som ligg øvst i lista over omsetjingar. Då får du opp ei rute med plass til meir tekst.


Grovomsetjing

Grovomsetjinga er eit nyttig verktøy når du skal byrja på nye filer. KBabel kan bruka dei tekstane som alt ligg i omsetjingsdatabasen (eller ei kompendiefil eller jamføringsomsetjing) til å fylla ut tekstar som ligg i databasen frå før. Slik sparar ein arbeid når tekstar går igjen i fleire filer. Ein sikrar òg lettare at omsetjinga er konsekvent.

I grovomsetjinga er det fleire innstillingar. Du kan velja å setja om enkeltord, men då får du stort sett meiningslause omsetjingar. Heile programtekstar fungerer oftast best. Alle omsetjingane, anten dei er perfekte eller ikkje, vert markerte som uklare. Som omsetjar må du gå gjennom fila etterpå og kontrollera at grovomsetjinga er rett. Sjølv om den same engelske teksten vert brukt i to ulike program, kan han godt tyda heilt forskjellige ting og må omsetjast ulikt på norsk.


Diff-modus

Når du set om eit program som er under utvikling, vert dei engelske tekstane stadig endra. Etter at PO-filene er oppdaterte, vert dei endra tekstane markerte som uklare. Særleg når det gjeld lange tekstar kan det vera vanskeleg å vita akkurat kva som er endra. Det kan vera noko så banalt som ein stavefeil i den engelske teksten.

Diff-modusen i KBabel kan hjelpa med å finna ut kva som er endra. Dersom den gamle omsetjinga er registrert i omsetjingsdatabasen eller finst i ei anna fil, kan KBabel automatisk finna ut kva som er lagt til eller sletta. Tekst som er fjerna sidan sist er markert med raudt, og ny tekst er markert med blått. Du kan skru av og på Diff-modus med tastane F5 og F6 eller i Verktøy-menyen.


Ting å hugsa på


Rulletekst

Dersom du har bidratt til ei omsetjing, skal namnet ditt stå i rulleteksten. For KDE-program vil det seia at namnet på alle omsetjarane skal stå i dialogboksen Hjelp $\triangleright$Om program, slik som på figur [*].

Figure: Alle som har bidratt til omsetjinga får namnet sitt i «rulleteksten».
\resizebox*{!}{0.25\textheight}{\includegraphics{bilete/om}}

I andre program er ikkje alltid omsetjarrolla like synleg, men namnet ditt skal i det minste stå i kjeldefila til omsetjinga.

Vanlege PO-filer bør alltid innehalda namnet på omsetjarane i kommentarlinjene øvst i fila. Dømet nedanfor er frå nynorskomsetjinga av KPilot:

# Norwegian (Nynorsk) KDE translation.  
# Copyright (C) 2000 Gaute Hvoslef Kvalnes.  
# Gaute Hvoslef Kvalnes <gaute@verdsveven.com>, 2000-2001.  
# Roy-Magne Mo <rmo@sunnmore.net>, 2001
I KBabel vel du Rediger $\triangleright$Rediger filhovud for å visa eller endra denne teksten. Linjene som startar med «#» er kommentarlinjer som i prinsippet kan innehalda kva som helst. Dømet viser berre ein vanleg måte å fylla ut informasjonen på.

Heilt nye PO-filer (og malfiler) har ofte ei linje der Free Software Foundation tek opphavsretten. I GNU-program skal denne linja få stå, men i andre program bør ho bytast ut. Dømet over er frå KDE, og der har den første omsetjaren teke opphavsretten sjølv. Dei to siste linjene i dette dømet er omsetjarane som har arbeidd med fila. Stryk aldri ut eit namn, men legg gjerne til deg sjølv om du har bidratt.

Alle PO-filer har eit standardfelt som heiter «Last-Translator». Her står namnet og e-postadressa til den omsetjaren som sist arbeidde med fila. Det er ikkje plass til fleire namn, så det er viktig å føra opp namnet sitt andre stader òg.

KDE-programma viser som sagt namna på omsetjarane i ein dialogboks i sjølve programmet. For å få det til, finst det to spesielle programtekstar i nesten kvart einaste program: «NAME OF TRANSLATORS» og «EMAIL OF TRANSLATORS». Desse skal ikkje setjast om til «NAMN PÅ OMSETJARAR», men til namn og e-postadresse på omsetjarane. Dersom det er fleire omsetjarar, kan dei førast opp med komma mellom. Den same regelen gjeld her òg: Stryk aldri ut eit namn, før heller deg sjølv opp i tillegg til dei andre.


Spesielle tilfelle

PO-filer er stort sett lette å forstå, men enkelte ting er kanskje ikkje fullt så innlysande:


CVS


Kvifor CVS?

CVS står for «Concurrent Versioning System», og er eit system som gjer det mogleg å halda oversikta over eit stort utviklingsprosjekt. I CVS ligg ikkje berre den nyaste utgåva av filene, men alle utgåver som finst. Dersom ein vil, kan ein henta ut eit prosjekt slik det såg ut for til dømes tre månader sidan. Kvar gong nokon endrar noko i CVS, vert det loggført informasjon om kven som gjorde endringa, når ho vart gjort og kvifor. Difor er det òg lett å gjera om ei endring dersom noko er gjort feil.


Utsjekking, oppdatering og innsjekking

Når du brukar CVS for første gong, må du sjekka ut prosjektfilene først. Då hentar du ned ein kopi av Skulelinux-omsetjingane til di eiga maskin. Du gjer endringane dine på denne kopien og sjekkar inn endringane etterpå. Prosjektfilene som ligg i CVS vert ikkje endra før du sjekkar inn. Difor kan du arbeida utan å vera kopla til Internett, og du risikerer ikkje å øydeleggja originalfilene.

Neste gong du jobbar med filene, skal du først oppdatera den lokale CVS-kopien din. Då hentar du ned alle dei endringane andre personar eventuelt har gjort i mellomtida, slik at den lokale kopien igjen er lik originalfilene. No kan du arbeida med filene på vanleg måte og sjekka inn att etterpå. Det er viktig å sjekka inn filene ofte, ikkje vent i dagevis.

Du finn meir informasjon om CVS på omsetjarnettstaden[*]. Der finn du mellom anna dei nøyaktige kommandoane du skal bruka, og korleis du får deg konto på Skulelinux-CVS-en.


Konfliktar

CVS er laga slik at fleire personar kan jobba med dei same filene samstundes. Ofte går det bra, sidan endringane kanskje ikkje skjer på nett same staden. Dersom endringane går oppi kvarandre, slik at CVS ikkje klarar å slå saman dei ulike versjonane, gir CVS melding om konflikten. Då må du sjølv opna fila i eit tekstprogram (ikkje KBabel, men KWrite, Emacs eller liknande) og slå saman filene manuelt. Ta kontakt med rettleiaren din eller spør på ei av e-postlistene våre dersom du treng hjelp.


Feilmelding

Når du køyrer cvs update og CVS møter konfliktar, får du ei feilmelding som ser om lag slik ut:

cvs update  
RCS file: /var/lib/cvs/skolelinux/i18n/kde-i18n/-no_NY/-messages/-kdebase/-konqueror.po,v  
retrieving revision 1.4  
retrieving revision 1.6  
Merging differences between 1.4 and 1.6 into  
konqueror.po  
rcsmerge warning: overlaps during merge  
cvs update: conflicts found in konqueror.po  
C konqueror.po
Her er det fila konqueror.po som er problemet - nokon andre har endra fila medan du har arbeidd med ho. CVS har lagt begge utgåvene inn i fila, men klarar ikkje avgjera sjølv kva for versjon som er «best».


Løysing

Ved starten av ein konflikt har CVS sett inn ei linje med teikna «<<<<<» og filnamnet. Din versjon står mellom denne linja og ei linje med teikna «=======». Etterpå kjem den utgåva som ligg i CVS, fram til ei linje med «>>>>>>>» (og CVS-versjonsnummeret). Konflikten kan strekkja seg over mange linjer eller berre vera på ei linje.

#: konq_mainwindow.cc:2640 
msgid "App&lications" 
msgstr "P&rogram" 
 
#: konq_mainwindow.cc:2641 
msgid "SideBar Configuration" 
<<<<< konqueror.po 
msgstr "Oppsett av sidestolpe" 
======= 
msgstr "Sidestolpeoppsett" 
>>>>>>> 1.6 
 
#: konq_mainwindow.cc:2642 
msgid "Trash" 
msgstr "Papirkorg"
I dette tilfellet er det tydeleg at to omsetjarar har arbeidd med den same teksten. Du har valt omsetjinga «Oppsett av sidestolpe», medan ein annan har valt «Sidestolpeoppsett». CVS gir deg ikkje lov til å sjekka inn fila før konflikten er løyst.

Når du skal løysa konflikten, må du velja ei av dei to utgåvene. Dersom du finn ut at din variant er best, fjernar du den andre saman med konfliktmarkeringane:

#: konq_mainwindow.cc:2640  
msgid "App&lications" 
msgstr "P&rogram" 
 
#: konq_mainwindow.cc:2641  
msgid "SideBar Configuration"  
msgstr "Oppsett av sidestolpe" 
 
#: konq_mainwindow.cc:2642  
msgid "Trash"  
msgstr "Papirkorg"
Dersom konflikten er på fleire linjer, kan det henda at du må slå saman utgåvene. Til slutt skal du uansett stå att med ei felles utgåve utan konfliktar. Hugs at det kan vera fleire konfliktar i same fila, så kontroller alltid at alle konfliktane er løyste.

Pass på at du ikkje øydelegg filformatet når du løyser konfliktar. Det er lett å fjerna eit hermeteikn eller setja inn eit linjeskift for mykje. Kontroller gjerne fila med kommandoen msgfmt for å sjekka om syntaksen er korrekt. Dersom fila inneheld feil, får du vita på kva for linje i fila feilen finst. KBabel har òg ein tilsvarande funksjon, under Verktøy $\triangleright$Validering $\triangleright$Kontroller syntaks (Ctrl-T). Du kan bruka verktøylinjeknappane med utropsteikn for å gå direkte til feilen. Kontrollfunksjonen i KBabel vert automatisk køyrd kvar gong du lagrar fila, slik at du alltid kan vera trygg på at syntaksen er rett.

msgfmt -o /dev/null fil.po
Dersom du er heilt sikker på at dine endringar uansett skal overstyra dei som ligg i CVS, kan du kopiera originalfila di tilbake utan å løysa kvar einaste konflikt manuelt. Då CVS-programmet støytte på konflikten, vart det lagra ein uendra kopi av fila med eit namn som til dømes .#konqueror.po.1.4. (Filnamnet startar med punktum, og fila er difor skjult.) Denne kopien kan du kopiera tilbake og sjekka inn i CVS, men altså berre dersom du er heilt sikker på at dei andre endringane kan overstyrast. (Det gjeld til dømes dersom konflikten kjem av at eit skript har gjort automatiske oppdateringar i fila, men ikkje dersom ein annan omsetjar har arbeidd med ho i mellomtida.)


Unngå konfliktar!

Den beste måten å unngå konfliktar på er å sjekka inn arbeidet sitt ofte. Dersom du ventar lenge, for så å sjekka inn mange endringar på ein gong, er sjansen stor for at andre i mellomtida har endra nett dei filene du har arbeidd med. På nattestid kan det køyra automatiske skript som endrar filene, så pass alltid på å sjekka inn arbeidet før du gir deg for dagen.

Det er lettare å førebyggja feil enn å retta feil i etterkant.


next up previous contents
Next: Teknisk bakgrunn Up: Omsetjarhandbok for Skulelinux Previous: Skulelinux   Contents
Gaute Hvoslef Kvalnes 2002-05-07