Omsetjarsamling Oslo 2.-4. august 2002 Deltakarar: Herman Robak, bokmål Axel Bojer, bokmål Bjørn Steensrud, bokmål Oddmund Utskarpen, nynorsk Gaute Hvoslef Kvalnes, nynorsk Arbeidsoppgåver: KOffice 1.2 skal koma ut i august, siste fristen for omsetjingar er 11. august. Før helga stod det att 2000-3000 strengar på både nynorsk og bokmål. Denne helga har me klart å bli ferdige med iallfall dei viktigaste delane av programpakken, og resten reknar me med å kunna greia fram til 11. august. Me har sett ein del på hjelpetekstane i KDE, og funne ut kva for hjelpetekstar som bør vera med i Skulelinux (KDE 2.2.2). Me må dessutan så snart me kan gå over på dei nye hjelpetekstane i KDE 3.1. Problema med hjelpetekstar i språkpakkane våre er delvis løyste. Ei tidleg utgåve av OpenOffice.org på bokmål er demonstrert og testa. Ein del av feila som er registrerte i Bugzilla er fiksa eller rydda opp i. Vidare arbeid: Seinare i haust (oktober) kjem KDE 3.1, og det er viktig å ha oppdaterte omsetjingar med der. I vår har me lege i etterkant, med ei veldig ufullstendig omsetjing av KDE 3.0 og skippertak fram mot KDE 3.0.1. Viss Skulelinux ikkje klarar å halda «sine» omsetjingar oppdaterte, gir det eit veldig rotete inntrykk. Hastverksarbeid er dessutan lite gunstig. Dersom me frå no av klarar å liggja i forkant, vil det både vera mindre slitsomt og gi betre kvalitet på arbeidet. Me skal ordna enkle rutinar for språkvask, slik at PO-filer kan konverterast til tekst. Då kan ein jobba med dei utan å vera heilt avhengig av Linux og KBabel eller andre spesialprogram. Dersom me skal få gjennomført alt det me vil, både av nye og oppdaterte omsetjingar, krev det både nyrekruttering og tettare oppfølging av dei omsetjarane som alt er involverte.