Omsetjarsamling 4.-6. oktober 2002 Stad: Ulsrud videregående skole, Oslo Deltakarar: Axel Bojer Herman Robak Bjørn Steensrud Børre Gaup Jakob Breivik Grimstveit Gaute Hvoslef Kvalnes Fredagskvelden vart ikkje brukt til stort anna enn litt planleggjing. Siste frist for KDE 3.1 var sett til 22. oktober, og me såg litt på kva for delar av KDE me burde prioritera. På laurdagen vart det sett opp tynnklientar til oss. Det tok litt tid før det var oppe og gjekk, men når tynnklientane først var oppe, fungerte dei veldig bra. Dei viktigaste oppgåvene denne dagen var innføring i KBabel for Jakob og omsetjing av viktige KDE-program. Børre og Herman såg ein del på samiske skrifter, og opplevde ein del problem på tynnklientane. Sundagen vart brukt til vidare omsetjing, opplæring og eksperimentering med eit program for å laga skrifter. Etter denne helga ser KDE 3.1 rimeleg bra ut, med sentrale modular ferdig omsett på både bokmål og nynorsk. Gaute lagar prioriteringsliste for arbeidet framover.