Språklege retningslinjer

Innleiing

Dette dokumentet inneheld språklege retningslinjer for omsetjarar av programvare til norsk – nynorsk og bokmål. Det er skrive for Skulelinux-prosjektet og KDE, men kan brukast av alle som ønskjer eit godt språk i omsetjingar av dataprogram.

Dokumentet er delt inn i fleire kapittel, med underkapittel. Viss målforma ikkje er spesielt nemnd, gjeld teksten både nynorsk og bokmål. Elles skal det gå klart fram kva målform som er omtala.

Endringar til dokumentet er hjarteleg velkomne. Retting av skrivefeil og mindre endringar kan du sjekka direkte inn, mens større og meir «kontroversielle» endringar bør du først ta opp på diskusjonslista i18n-no@lister.ping.uio.no.

Viss du ønskjer å skriva ut dokumentet, kan (og bør!) du bruka PDF-versjonen, som er optimalisert for utskrift.

Norsk eller engelsk

Alle engelske faguttrykk skal setjast om til tilsvarande norske uttrykk. Me brukar for eksempel «skrivar», og ikkje «printer». Nokre nyare ord kan gjerne verka merkelege, spesielt for folk som kjenner til dei engelske versjonane. Dette er ei rein vanesak. Hugs at for dei engelske brukarane er desse «nyorda» like merkelege når dei først vert introduserte. Ordet «mouse» var til å le seg i hel av når det først kom!

I PC-ens barndom her til lands gjekk alle rundt og «seiva» dokument. Etter at norske tekstbehandlingsprogram hadde vore på marknaden nokre år, var det vanskeleg å finna folk som gjorde anna enn å «lagra» dokumenta sine. Ordet hadde glidd inn i bruksvokabularet, og det var ingen som lenger tenkte på at å «lagra» var noko ein berre gjorde med matvarer i skap og spiskammer. Det er vanleg at ord får nye tydingar i dataspråket.

Det er to hovudgrunnar til at me brukar norske ord:

Avløysarord og importord

Korleis skal me laga nye ord? Dette er ikkje rett plass ta opp eit så stort emne. Me viser heller til tre interessante artiklar som tek opp problemstillinga:

Språknormalen

Me brukar konsekvent den offisielle språknormalen, då me ønskjer at programma skal kunna brukast i skulen. Opplæringslova med forskrifter seier at dei same reglane som gjeld for trykte læremiddel gjeld for elektroniske læremiddel (med nokre unntak). Programma må altså liggja føre på begge målformene. Sjå Jon Grepstad sin artikkel om opplæringslova og elektroniske hjelpemiddel for fleire opplysingar.

Men det er òg ein viss valfridom innanfor normalen. Når det gjeld omsetjing, er det likevel viktig at alle programma brukar same ord og ordformer. Me har derfor blitt einige om desse retningslinjene:

Nynorsk

Generelt

2012-rettskrivinga

Den 1. august 2012 kom det ei ny rettskriving for nynorsk. Skiljet mellom læreboknormalen og den fulle nynorsknormalen vart då oppheva. Dette medfører at det ikkje er noko som heiter klammeformer lenger, og at me i prinsippet har mange fleire former å velja mellom (nokre former har òg gått ut). For å gjera ting enkelt – ikkje minst fordi me alt har omsett mange program etter den gamle normalen – har me valt å ha som grunnregel at me brukar dei gamle læreboknormalformene når me har valet mellom to/fleire former. Men me har ein del unntak som er lista opp i desse retningslinjene. Desse gjeld spesielt tilfelle der den nye normalen gjer språket meir konsekvent og lettare.

Nokre grunnreglar og spesialtilfelle

Som grunnregel brukar me -ar-forma i presens av verb der me kan velja mellom -ar og -er. Me skriv for eksempel «brukar» i staden for «bruker», «klarar» i staden for «klarer» og «spelar» i staden for «speler». Men for desse tre verba brukar me blanda bøying, med preteritums-, perfektum- og adjektivformene «brukt(e)», «klart(e)», «tapt(e)» og «spelt(e)» i staden for «bruka», «klara», «tapa» og «spela». Blanda bøying vart først tillaten i 2012-normalen.

Hovudgrunnen er uttrykk som «Klarte ikkje [utføra handling]», som dukkar opp veldig ofte i omsetjingane våre. Denne synest me vil verka altfor rar preteritumsforma «Klara ikkje [utføra handling]», som er lett å misforstå, då «klara» er presensforma i nokre dialektar. Tilsvarande gjeld uttrykk som «bruka dokument».

Nokre verb har valfri -de/-te eller anna ending i preteritum eller perfektum og tilhøyrande former. Eit eksempel er «å skremma», som kan bøyast «å skremma – skremmer – skremde/skremte». For slike ord brukar me endinga -de. Nokre spesialtilfelle:

Nokre ord har valfritt kjønn. Følgjande reknar me som hankjønnsord:

Og følgjande reknar me som inkjekjønnsord:

Når me kan velja mellom enkel og dobbel konsonant, bør me velja det som fell mest naturleg / er vanlegast. Me brukar dobbel konsonant i «velkommen», «hammar», «ressurs» og «dommar», men enkel i «kjøt» og «kjøken». Viss du er i tvil, høyr på diskusjonslista.

Valfri j: Me brukar konsekvent j, for eksempel i substantivet «rekkje» og verbet «å setja».

Fleirtalsformer hankjønn og hokjønn: I 2012-reforma vart det lov å vera konsekvent her, og det er me. Me brukar -ar/-ane for hankjønnsord og -er/-ene for hokjønnsord. Denne regelen er veldig lett å hugsa, og ein slepp å pugga unntak (norrøne former). Før måtte me bøya «ein vegg» som «vegger» og «veggene» og «ei elv» som «elvar» og «elvane». No vert det «veggar» og «elver». (Strengt tatt kunne ein skriva «elver» før òg, men det var då eit hankjønnsord (!) som betydde «alv» (det overnaturlige vesenet), ikkje ein vasstraum.) Merk at dette også gjeld -nad-ord, som «søknad» og «månad», som før hadde obligatorisk -er-ending.

Orda «breidd», «lengd» og «høgd»: I 2012-reforma vart det lov å skriva «breidde», «lengde» og «høgde». Me held på dei gamle formene.

Ordet «stig»/«sti». Før 2012-reforma heitte dette berre «stig» i læreboknormalen. Dette kunne vera forvirrande, spesielt i bunden form. No kan me skriv «sti», og gjer det konsekvent (for eksempel i ord som «søkjesti»).

Ordet «eige»: Før 2012-reforma vart dette bøygd «eige – eig – ått – åtte». No er det lova å skriva «eigde» og «eigd», og det gjer me. Dei gamle formene kunne vera forvirrande i datatekstar (for eksempel i «Åtte filer»).

Generelt prøver me å få til eit moderne, brukarvenleg, munnleg språk, som verken er veldig konservativt eller veldig radikalt.

Elles, dersom du er i tvil om bøyinga av eit ord, er det berre å bruka programmet ordbanken. Dette gjer det lett å slå opp alle formene av eit grunnord, og viser resultatet i ein oversiktleg, fargekoda tabell. Det har òg eit tilhøyrande KDE-grensesnitt.

Nokre enkeltord

Til slutt er det stor valfridom i stil når det gjeld enkeltord. Skal me for eksempel bruka «å handsama» eller «å behandla»? Me har blitt einige om desse variantane:

Bruk Ikkje bruk
abonnera tinga
handsama behandla
be bede
bestilla tinga
bind band
forbokstav, fornamn føre-
framfor framføre
(fri)villig (fri)viljug
først fyrst
gjennomsiktig gjennomsynleg
gjetta gissa
gje gi
hjørne hyrne
la lata
linje line
lys ljos
løp laup
mislukka mislykka
me vi
mogleg mogeleg
nabo granne
nyheiter nyhende
nødvendig turvande, naudsynt
oversikt oversyn
ressurs resurs
samtidig samstundes
sikker/trygg viss
gøyma skjula
skyva skuva
tilbake attende
unntak unnatak
velkommen velkomen
verta bli

Merk at «verta» og «bli» vert rekna som to sjølvstendige verb. Me brukar både presensordet «vert» og preteritumsordet «blitt».

Automatisk korrekturlesing

Me har utvikla eit system for automatisk korrekturlesing av nynorskomsetjingane våre, basert på Pology-rammeverket. Dette finn mange av dei vanlegaste feila. Korrekturlesingsfilene følgjer med Pology, men er òg tilgjengeleg via Skulelinux-SVN-arkivet, i mappa i18n/kde4/summit/pology/lang/nn.

For å bruka det er det greiast å leggja Pology-verktøya til standard søkjesti, for eksempel ved å leggja følgjande til i ~/.bashrc:

export PATH=$PATH:adresse-til-svn-mappa/i18n/kde4/summit/pology/bin
alias sjekk="posieve --skip-obsolete check-rules -slang:nn -slokalize"

Start eit nytt terminalvindauge. No kan me korrekturlesa ei fil eller mappe med kommandoen sjekk fil.po eller sjekk mappe. Me får ut ei oversikt over alle omsetjingane med feil. Viss me har Lokalize oppe, vert filene opna i dette programmet, og lista over omsetjingar vert filtrert til berre å innehalda dei med feil.

Viss det er nokre falske positive, er det berre å leggja til ein kommentar på forma skip-rule: e-infinitiv til den aktuelle omsetjinga. Her er e-infinitiv ID-en til den aktuelle korrekturlesingsregelen (vert vist når me køyrer skriptet). Det er også mogleg å forbetra regelen, leggja til unntak eller laga nye reglar. Ta kontakt med diskusjonslista vår for hjelp.

Bokmål

Hunkjønnsord Hankjønnsord
boka adressen
blokka cellen
endringa fanen
fila pressen
fordelinga siden
formateringa tiden
fram  
godkjenninga  
gruppa  
grupperinga  
handlinga  
håndteringa  
inndelinga  
investeringa  
justeringa  
krypteringa  
lenka  
linja  
lista  
mappa  
markeringa  
meldinga  
merkinga  
musa  
nummereringa  
oppdateringa  
oppføringa  
orienteringa  
pila  
plasseringa  
ramma  
renta  
rettinga  
rota  
ruta  
samlinga  
skraveringa  
skrifta  
sorteringa  
(inn)stillinga  
tavla  
tegninga  
uka  
uthevinga  
utviklinga  

(NB: «kolonnen» og «maskinen» er bare tillatt som hannkjønnsord!)

Vi bruker formen «-ene» som bestemt form flertall på intetkjønnsord: et punkt – punktene (og ikke et punkt – punkta).

Vi bruker formen «-rene» som bestemt form flertall på hannkjønnsord av tredje klasse: en parameter – parametrene (og ikke en parameter – parameterne). Ikke forvirr ord som «lærer» med ord av denne ordklassen.

For bøyningsparadigmer i bokmål se Forklaring til bokmålsordboka.

Generelle retningslinjer

Her følgjer nokre generelle retningslinjer som kan vera greitt å ha i bakhovudet når me set om.

Direkteomsetjing

Som omsetjar skal du laga ei best mogleg oppleving for brukaren. Direkte omsetjing av den engelske originalteksten er sjeldan heldig. For brukaren er det revnande likegyldig kva originalteksten seier. Di oppgåve som omsetjar er å formidla innhaldet i denne, i ei best mogleg språkdrakt, slik at teksten vert:

Korte ord er betre enn lange ord – korte setningar betre enn lange setningar. Mykje av teksten du set om held til i dialogvindauge eller menyar, og der er det ofte lite plass! Korte setningar går òg raskare å lesa enn lange, men la for all del ikkje lengda gå på kostnad av innhaldet, eller kvaliteten. Ei dårleg formulert kort setning tek mykje lenger tid å lesa og å forstå enn ei godt formulert lang setning.

For at teksten skal vera lettlest, må han følgja vanleg norsk setningsbygnad. Denne skil seg på vesentlege punkt frå engelsk setningsbygnad, og du må ofte, ja nesten alltid, stokka om på orda frå den engelske teksten. Ei setning kan òg verta til eitt ord, eller eitt ord til ei heil setning. Tenk heile tida flyt når du set om. Språket skal flyta naturleg.

Omsetjinga skal sjølvsagt vera teknisk korrekt, men ikkje ver redd for å vera mindre presis enn originalteksten. For eksempel kan du gjerne setja om «URI» til «adresse». Sistnemnte vil vera mykje meir forståeleg for folk.

Oftast er ikkje akkurat det ordet som er brukt i originalteksten viktig; det var berre det ordet programmeraren fann som passa best i farten. Dei færraste programmerarar er språkgeni, og, i fare for å tråkka nokon på tærne, har me inntrykk av at språkkjensla til den jamne dataprogrammeraren ikkje er mykje å skryta av. I tillegg skriv han gjerne på sitt andrespråk – utviklarane av fri programvare kjem frå heile verda.

Di oppgåve er berre å formidla innhaldet, så ikkje ver redd for å byta ut originalteksten med noko heilt anna (som passar sjølvsagt). Les originalteksten, forstå innhaldet, og tenk på korleis du ville formulert dette på norsk (utan først å ha høyrt originalteksten). Ver kreativ!

Personifisering

Enkelte program brukar av og til ei slags misforstått personifisering av omgrep. For eksempel brukar nettlesaren Mozilla omgrepet «My Sidebar», og i Windows finst det mange slike «My»-omgrep. Dette fører gjerne til tåpelege setningar i dokumentasjonen, eksempelvis «You can let the Web come to you by using My Sidebar.» (ekte eksempel!). Nøyaktig kven sin «sidebar» er det her snakk om? På norsk kuttar me om me kan ut alle slike eigedomspronomen.

Original Dårleg Betre
My Sidebar Min sidestolpe Sidestolpe
Do not show me this message again. Ikkje vis meg denne meldinga på nytt. Vis ikkje denne meldinga på nytt.
Alert me whenever I’m about to view an unecrypted page. Åtvar når eg er i ferd med å visa ei ukryptert side. Åtvar ved vising av ukrypterte sider.

Brukaren

Snakk direkte til brukaren som andreperson. Bruk konsekvent «du» i staden for «ein», uavhengig av kva originalteksten seier.

Original Dårleg Betre
One should therefore not store all configuration files in one directory. Ein bør derfor ikkje leggja alle oppsettfilene i éi mappe. Du bør derfor ikkje leggja alle oppsettfilene i éi mappe.

Høflegheit

Engelsk brukar svært ofte «please», mens på norsk treng me sjeldan bruka ordet i det heile. Me er ikkje mindre høflege; me berre uttrykkjer det på andre måtar.

Original Dårleg Betre
Please try again later. Venlegst prøv på nytt seinare. Prøv på nytt seinare.
Please wait. Ver snill og vent litt. Vent litt.

Ordklassar og setningskonstruksjonar

Endring av ordklasse

På engelsk er det lett å laga verb av substantiv og omvendt, slik at for eksempel «edit» vert til «editor». På norsk bør me unngå dette, og heller bruka naturlege, norske skrivemåtar. Som alltid er det ikkje nokon grunn til å avgrensa omsetjinga til orda brukte i originalteksten. Så lenge omsetjinga formidlar innhaldet, er ho god.

Original Dårleg Betre
Text Editor Tekstredigerar Skriveprogram
Buffer Allocator Buffertildeler Buffertildeling
Manage Bookmarks Handter bokmerke Bokmerkesamling
Download Manager Nedlastingshandterar Nedlastingssentral

(«Bokmerkesamling» kan her vera eit menyval som opnar eit vindauge for å ordna og redigera bokmerke.)

Substantivsjuke

Som vist ovanfor, er det ofte verbalsubstantiv som fungerer best i brukargrensesnitt. I programdokumentasjon og andre samanhengar der me brukar heile setningar, er imidlertid bruk av substantiv problemet. Skriv ikkje «Føretar installering av X», men heller «Installerer X». Meir informasjon og mange fine eksempel finn du i dette førelesingsmanuskriptet om «substantivsjuka».

Progressiv

Den engelske verbformen «progressiv» (going, walking osv.) har ingen direkte oversettelse på norsk. Her er det om å gjøre å unngå norske oversettelser av typen «innskriving av inndatafelt i teksten» (Entering Input Fields in Text). Bedre er oversettelser av typen:

Original Dårlig Bedre
Querying User Data in Conditions Spørring etter brukerdata i vilkårssetninger Lage spørring etter brukerdata i vilkårssetninger
Using Master Documents and Subdocuments Bruking av hoveddokumenter og underdokumenter Bruk av hoveddokumenter og underdokumenter

Spørsmål og utrop

I engelsk programdokumentasjon er det vanleg å bruka spørsmål eller utrop, spesielt i overskrifter. Dette høyrest dårleg ut på norsk. Skriv heller om.

Original Dårleg Betre
What’s New? Kva er nytt? Nytt i denne utgåva
How do I use the program? Korleis brukar eg programmet? Bruk av programmet
Let’s get to know the program! La oss verta kjende med programmet! Introduksjon til programmet

Av og til er òg utropsteikn brukte i feilmeldingar. Me brukar vanleg punktum på norsk.

Original Dårleg Betre
The server returned an invalid response! Tenaren sende eit ugyldig svar! Tenaren sende eit ugyldig svar.

«To»-uttrykk

På engelsk er det vanleg med uttrykk på forma «To xxx, yyy». Denne setningsstillinga er unorsk. Vanlegvis vil ei omformulering til «yyy for å xxx» fungera veldig bra:

Original Dårleg Betre
To continue, click Next. For å gå vidare, trykk «Neste». Trykk «Neste» for å gå vidare.
To access the directory, enter your user name and password. For å få tilgang til mappa, skriv inn brukarnamn og passord. Skriv inn brukarnamn og passord for å få tilgang til mappa.

Imperativ

Imperativ er «kommandoforma» av ord. Denne vert brukt i menyar og dokumentasjon. Her brukar du i regelen stammen av verbet. For eksempel vert «å søkja» til «søk» i imperativ. Men der dette fører til ei tung konsonantopphoping brukar du infinitivforma. Du skal altså bruka infinitivforma «lagra» og ikkje «lagr».

Elles brukar me aldri aksent i imperativ. Det heiter altså «installer» og ikkje «installér». Sjå òg Norsk språkråd sitt svar på dette spørsmålet.

Original Dårleg Betre
Use Bruka Bruk
Open Opn Opna
Save Lagr Lagra
Install Installér Installer
Check Kontrollér Kontroller

Sjå elles Språkrådet sin informasjon om imperativreglar.

Fortid og framtid

På engelsk er det vanleg med setningar sette i perfektum. I dei aller fleste tilfella bør du setja omsetjingane om til preteritum, eller til og med presens. Byt òg frå passiv til aktiv form.

Original Dårleg Betre
An unknown error has occured! Ein ukjend feil har oppstått. Det oppstod ein ukjend feil.
The text you entered was not found. Søkjeteksten vart ikkje funnen. Fann ikkje søkjeteksten.
The information has been captured. Informasjonen har blitt lagra. Informasjonen er lagra.
A password will be used to access the information. Du vil trenga eit passord for å få tilgang til informasjonen. Du treng eit passord for å få tilgang til informasjonen.

Tilsvarande gjeld for framtid:

Original Dårleg Betre
The message will be sent as plain text. Meldinga vil verta send som rein tekst. Meldinga vert send som rein tekst.
Any changes will be lost. Eventuelle endringar vil gå tapt. Eventuelle endringar går tapt.

Ubunden form eintal

På engelsk brukar ein ofte ubunden form eintal. Vanlegvis vil ei omgjering til fleirtal fungera betre på norsk. I nokre tilfelle vil ei anna omforming vera best.

Original Dårleg Betre
Opening a file Opna ei fil Opning av filer
Find a bookmark... Søk etter eit bokmerke … Søk etter bokmerke …
Choose a font size Vel ein skriftstorleik Vel skriftstorleik
Installing a program Installering av eit program Programinstallering

Spesielt om dataprogram

Når me set om dataprogram og hjelpetekstar, dukkar det opp problem me ikkje har ved omsetjing av skjønnlitteratur. Kva skal tastane på tastaturet heita på norsk, og korleis skal me referera til dei, eller til menyval i programma? Og skal funksjonsnamna i eit rekneark setjast om? Eventuelt til kva? Og kva med sjølve programnamna. Slike spørsmål tek me opp i dette avsnittet.

Store og små bokstavar

På engelsk har menyval og overskrifter store forbokstavar i kvart ord. På norsk har dei ikkje det.

Original Dårleg Betre
Save File As... Lagra Fil Som … Lagra fil som …
Search the Web... Søk På Veven … Søk på veven …

Namn på månader og dagar skal skrivast med små forbokstavar, ikkje store, som ein gjer på engelsk. (Unntak er sjølvsagt først i setningar, og andre plassar der ord får stor forbokstav.)

Original Dårleg Betre
[…] number of seconds elapsed since January 1, 1970 […] […] talet på sekund frå 1. Januar 1970 […] […] talet på sekund frå 1. januar 1970 […]
Run every Friday at midnight. Køyr ved midnatt kvar Fredag. Køyr ved midnatt kvar fredag.

Tastar

Alle tastar skal ha fast skrivemåte i norsk omsetjing, uavhengig av korleis dei er skrivne i originalteksten. For eksempel skal «PgUp» setjast om til «Page Up». Her er ei liste over kva tastane skal heita på norsk:

Tastar som finst på Suns spesialtastatur skal følgja dei offisielle norske omsetjingane, slik tastane er merkte på norske Sun-tastatur. Men me brukar nynorske namn i nynorskomsetjinga, sjølv om det ikkje finst noko fysisk tastatur med desse namna.

Tastar på Mac-tastaturet omset me slik Apple gjer det i sine norske program, pluss nynorskvariantar:

Bokstavtastar skriv me med store bokstavar. Det same gjeld F-tastane. Nokre eksempel:

Original Dårleg Betre
enter enter Enter
PgUp PgUp Page Up
Page down Page down Page Down
AltGr AltGr Alt Gr
Ins Ins Insert
DEL DEL Delete
ESC ESC Escape
Help Help Hjelp
r r R
f11 f11 F11

Tastekombinasjonar

Ved tastekombinasjonar (fleire tastar haldne inne samtidig) skal kvar tast skiljast med mellomrom og plussteikn. I hjelpetekstar må du setja inn harde mellomrom før plussteikna (og vanlege mellomrom etter), slik at dei kjem på same linje som tasten til venstre.

Original Dårleg Betre
Ctrl c Ctrl c Ctrl + C
CTRL+ALT+DEL CTRL+ALT+DEL Ctrl + Alt + Delete
shift + f1 shift + f1 Shift + F1

Snarvegstastar

Du kan ofte bruka tastekombinasjonar til å hoppa direkte til menyar, knappar og andre element på skjermen: «Alt + F» opnar gjerne filmenyen, og «Alt + O» kan gje OK-knappen. Bokstaven du skal bruka er vist med strek under. Slike tastar kallar me snarvegstastar, sidan dei er ein slags snarveg til ulike stader i skjermbiletet.

Ideelt sett skal det ikkje finnast fleire snarvegstastar med den same bokstaven innanfor eitt skjermbilete. I praksis er dette ofte vanskeleg å oppnå fordi skjermtekstane kan komma frå mange ulike stader i kjeldekoden. Her er nokre rettesnorer for korleis du kan velja bokstavar til snarvegstastane:

Det er som sagt vanskeleg å unngå alle tastekonfliktar. Me har observert skjermbilete der nesten 40 element gjer krav på kvar sin snarvegstast. Verken det engelske eller det norske alfabetet strekk til i slike tilfelle, og feilen bør rett og slett meldast til utviklarane av programmet.

Dr. Klash er eit kjekt verktøy som kan hjelpa deg med å finna tastekonfliktar i KDE-program. Du kan dessverre berre bruka Dr. Klash i program som er ferdig omsette, men då kan du i det minste fiksa feilen til neste versjon.

Referering til kommandoar

I programdokumentasjon må me ofte referera til kommandoar, menyval, knappar, tastar og liknande. Viss dokumentasjonen er skriven i rein tekst, brukar me alltid hermeteikn rundt desse namna. Viss formatering (kursiv, halvfeit og fargeleggjing) er tilgjengeleg og brukt i originalteksten, brukar me heller dette. Formateringa skal vera lik for alle program innanfor ein programpakke.

Me brukar pilteiknet «→» som skilje mellom ulike kommandoar/menyval/knappar i referansar til menyval og val i dialogvindauge, uavhengig av kva som er brukt i originalteksten (på engelsk er ein sjeldan konsekvent på tvers av program, og brukar mange ulike teikn, som «-», «->» og «|»): «Innstillingar → Set opp». Bruk «Alt Gr + I» for å få fram teiknet. I tillegg har me mellomrom rundt pila – eit hard mellomrom på venstre side, og eit vanleg mellomrom på høgre side.

Nokre komponentar har eit ellipseteikn, «…», som indikerer at hendinga ikkje vert utførd direkte når ein trykkjer på teksten, men at ein for eksempel heller får opp eit dialogvindauge. I kommandoreferansen kuttar me ut dette. Til slutt er det verdt å merka seg at ein i mange samanhenger kan få ei betre omsetjing ved å skriva om dersom referansen berre består av to eller tre komponentar. Eksempel:

Vel «Set opp» frå «Innstillingar»-menyen for å …

Andre reglar:

Original Dårleg Betre
Click Next to continue. Trykk Neste for å halda fram. Trykk «Neste» for å halda fram.
Choose «Print...» to open the print dialogue. Vel «Skriv ut …» for å opna utskrifts­vindauget. Vel «Skriv ut» for å opna utskrifts­vindauget.
Click Move Up and Move Down to … Klikk Flytt opp og Flytt ned for å … Bruk «Flytt opp» og «Flytt ned» for å …
On the "View" menu, choose "View Source". Vel «Vis kjelde» frå «Vis»-menyen. Vel Vis kjelde frå Vis-menyen.
Press the Close button to close dialog. Trykk på «Lukk»-knappen for å lukka dialogen. Trykk Lukk for å lukka dialog­vindauget.
On the "File" menu, choose "Open file...". Vel «Opna fil …» frå «Fil»-menyen. Vel «Opna fil» frå «Fil»-menyen.
Press Control+c to copy text to the clipboard. Trykk Ctrl + C for å kopiera tekst til utklippstavla. Trykk «Ctrl + C» for å kopiera tekst til utklippstavla.
Choose 'Settings | Configure Editor... | General | View Line Numbers' to... Vel «Innstillingar | Set opp skriveprogram … | Generelt | Vis linjenummer» for å … Vel «Innstillingar → Set opp skriveprogram → Generelt → Vis linjenummer» for å …
Use Edit->Undo to... Bruk Rediger->Angra for å … Bruk «Rediger → Angra» for å …
Use "Edit - Undo" to... Bruk «Rediger - Angra» for å … Bruk «Rediger → Angra» for å …

Omsetjing av programnamn

Programnamn skal i hovudregelen ikkje setjast om. Du kan imidlertid gjera unntak for enkelte småprogram, spesielt dersom programnamnet er beskrivande eller særleg funksjonsorientert.

Original Dårleg Betre
KWord KOrd KWord
OpenOffice.org OpeKontor.org OpenOffice.org
Notepad Notepad Notisblokk
Solitaire Solitaire Kabal

Omsetjing av funksjonar

Generelt

Det hender programmerarar finn opp nyskapande funksjonalitet, som dei gjev eit eige, ikkje-beskrivande namn, gjerne med merkeleg stavemåte (for eksempel «InterKapitalisering»). Sjølv om dei er skrivne som særnamn, set me dei om til vanlege, norske ord, slik at folk kan forstå dei!

Original Omsett
SpellFix™ Stavekontroll
ChartWhizzzard Diagram
AutoCorrect Autokorrektur

I rekneark

Original Dårleg Betre
DEGREES grader GRADER
GET.NOTE HENTMERKNAD HENT.MERKNAD
GEOMEAN GEOSNITT GJENNOMSNITT.GEOMETRISK

Val av ord og omsetjingar

Fy-ord

Her er nokre ord me gjerne finn i dårleg omsette dataprogram, og som er fristande å bruka. Det skal du imidlertid ikkje gjera, med mindre du har veldig god grunn til det (for eksempel kan du bruka «applikasjon» i samanhengar som «ein XML-applikasjon», men ikkje i samanhengar der ordet tyder «program»). Fy-orda står i venstre kolonne, og dei gode alternativa i høgre.

Ikkje bruk Bruk
aktivera bruka, slå på
aktivert på, i bruk, verksam
applikasjon program
boot oppstart, starta (opp)
browser nettlesar, -oversikt
definera angje, velja, skriva inn
eksistera finnast
generera laga
indikera visa, angje, velja, skriva inn
inkludera ta med
konfigurasjon oppsett
lokasjon plassering, adresse, stad
originale opphavlege
preferansar innstillingar
printer skrivar
server tenar
sesjon økt
setja angje, velja, skriva inn
software program, programvare

Me prøver elles å byta ut «dialog» og «dialogboks» med «vindauge» eller (når det er nødvendig) «dialogvindauge».

Sjå elles fellesordlista.

Namn på språk og land

Ein del program inneheld lister over språk og land. Eksempelvis må du i tekstbehandlingsprogram velja kva språk teksten står på for at stavekontrollen skal fungera. Av og til inneheld språknamn òg namnet på landet der ein snakkar/skriv språket, for eksempel for å skilja mellom britisk engelsk og amerikansk engelsk. Nøyaktig korleis dette vert uttrykt varierer frå program til program, men på norsk har me standardisert på følgjande skrivemåte for språk med land: «språknamn (landsnamn)».

Original Dårleg Betre
English/USA Engelsk/USA Engelsk (USA)
US English Amerikansk engelsk Engelsk (USA)
English – UK Engelsk – UK Engelsk (Storbritannia)
Spanish [Ecuador] Spansk [Ecuador] Spansk (Ecuador)

Merk elles at språknamn har liten forbokstav på norsk, mens landsnamn har stor forbokstav. (Unntak gjeld sjølvsagt lister, i begynnelsen av setningar og andre plassar ord vanlegvis får stor forbokstav.)

Namna på nynorsk og bokmål skriv me slik:

Engelsk Norsk
Norwegian Nynorsk Norsk (nynorsk)
Norwegian Bokmål Norsk (bokmål)

Legg spesielt merke til at me på engelsk ikkje brukar parentes, og brukar stor forbokstav både i «Norwegian» og i «Nynorsk»/«Bokmål». I tillegg skal det vera «Bokmål», ikkje «Bokmal». Dette er i samsvar med den internasjonale språkstandarden ISO 639. Viss originalteksten ikkje brukar dette formatet, ber du opphavsmannen endra dette.

Me har for øvrig ei omfattande og grundig kvalitetssjekka oversikt over språknamn og landsnamn, på engelsk, fransk, nynorsk og bokmål – med tilhøyrande offisielle språk- og landskodar. Bruk denne oversikta!

Adresseskjema

I blant anna e-postprogram finn ein ofte skjema for inntasting av adresseinformasjon. Dette kan vera noko problematisk, då me ikkje brukar same adresseformat her i Noreg som i USA. Og då informasjonen gjerne vert utveksla som visittkort på tvers av ulike program, kan me heller ikkje skriva om skjemaa ved å fjerna og leggja til felt. Derfor får me gjera det beste ut av det, og bruka følgjande omsetjingar av dei ulike adressefelta:

Engelsk Norsk
Zip Code Postnummer
City Poststad (ikkje «by»)
State Delstat/region
Social Security Number (SSN) Fødselsnummer (ikkje «personnummer»)

Faste uttrykk

Det finst ein del uttrykk me ofte møter i dataprogram, og som me gjerne bør omsetja likt. Me har òg eit par skrivemåtar å unngå.

Original Dårleg Betre
Could not Kunne ikkje Klarte ikkje
Can not Kan ikkje Klarte ikkje
Unable to Ikkje i stand til Klarte ikkje

I heile tekstar skriv me for eksempel «Klarte ikkje opna» utan infinitivsmerket «å». Men merk at i mange samanhengar vil aktiv form vera best, som i «Fann ikkje fila» i staden for «Klarte ikkje finna fila» («Could not find file»).

I verktøytips til avkryssingsboksar finn me tekst som forklarar kva som skjer når det er (ikkje) kryssa av, men her er det brukt eit utal skrivemåtar på engelsk. Her er berre nokre få av dei:

Dette vert rotete. På norsk har me derfor valt to skrivemåtar, som me brukar konsekvent:

Vanlegvis brukar me den første varianten, men i nokre samanhenger fungerer nummer to best.

Personnamn og adresser i eksempel

Av og til må me «setja om» namn, brukarnamn, e-postadresser og nettadresser brukte i eksempel. På engelsk brukar dei ofte «John Doe» som eksempelperson, men det dukkar av og til opp andre namn. Det mest spesielle me har sett er kanskje John Stuart Masterson III.

På norsk brukar ein gjerne Ola Nordmann eller Kari Nordmann. Sidan Ola Nordmann er mest brukt elles, har me for likestillingas si skuld valt å standardisera på Kari Nordmann, som har brukarnamnet knordmann og e-postadressa kari.nordmann@eksempel.no. Ho skal brukast i alle eksempla, uavhengig av kva som er brukt på engelsk. Viss me treng ein person nummer to i eit eksempel, brukar me Ola Nordmann.

Som me ser av e-postadressa til Kari, brukar me òg eksempel.no som standarddomene. Det er, i motsetning til det engelske example.com, ikkje reservert, men det får me leva med.

Typografi og rettskriving

Det er mange som er usikre på dei typografiske reglane for norsk. Her er nokre av dei viktigaste, og minst kjende, nemnde. Når det gjeld rettskrivinga, har me på nokre område valfridom. Reglane her viser då kva me har blitt einige om å bruka i omsetjingane våre.

Me har òg teke med nokre rettskrivingsreglar det ofte vert synda mot, blant anna på grunn av forskjellige tradisjonar på engelsk og norsk. Uansett er er ei god ordbok alltid til stor hjelp. Skaff deg ei!

Hermeteikn

I dei engelske tekstane me omset, varierer dei veldig mellom å bruka " og ' som hermeteikn (sjølv om ingen av dei er typografisk rette hermeteikn!). På norsk brukar me konsekvent « og ». Desse teikna finst i ISO 8859-1, og er heilt uproblematiske å bruka. Du skriv dei ved å bruka «Alt Gr + Z» og «Alt Gr + X» med vanleg norsk tastaturoppsett på Linux/Unix. På Windows brukar du «Alt + 0171» og «Alt + 0187» på det numeriske tastaturet.

I dei tilfella me treng indre hermeteikn, vanlegvis til sitat inni sitat, brukar me teikna som liknar på opphøgde 6- og 9-tal, altså teikna U+2018 og U+2019: ‘ og ’. Desse skriv du med «Shift + Alt Gr + V» og «Shift + Alt Gr + B». Merk: Me brukar ikkje dei ukjønna '-«hermeteikna» (brukte i programmering), aksentane ` og ´ eller dei enkle hakene ‹ og ›.

‘ og ’ finst ikkje i ISO 8859-1, men i ISO 10646, og går vanlegvis heilt greitt å bruka.

Original Dårleg Betre
Search for "%1" Søk etter "%1" Søk etter «%1»
"Use the 'Search' button" "Bruk `Søk´-knappen" «Bruk ‘Søk’-knappen»

Komma

På engelsk brukar ein komma før «and» og «or» i siste punkt i ei liste. Det gjer me ikkje på norsk.

Original Dårleg Betre
[…] elements, attributes, properties, and events. […] element, attributt, eigenskapar, og hendingar. […] element, attributt, eigenskapar og hendingar.

Sjå elles Språkrådet sin informasjon om kommareglar.

Mellomrom før utropsteikn, kolon, semikolon og spørjeteikn

Av og til finn du mellomrom framfor enkelte teiknsetjingsteikn i den engelske originalteksten. Dette er eit nesten sikkert teikn på at det er ein franskmann som står bak. Verken på norsk eller engelsk skal me ha mellomrom før desse teikna. Sei derfor frå til forfattaren, slik at originalteksten kan fiksast, og fjern mellomrommet i omsetjinga.

Original Dårleg Betre
Password : Passord : Passord:
Are you sure ? Er du sikker ? Er du sikker?

Men merk at det skal vera mellomrom før ellipseteikn på norsk. Sjå nedanfor.

Ellipseteikn

Eit ellipseteikn (ein ellipse) er tre punktum etter kvarandre. På norsk skal desse alltid ha mellomrom før seg, òg i menyval. (Det finst eitt unntak: Viss ellipsen markerer eit avbrote ord, eksempelvis i uttrykket «Fy f…», skal det ikkje vera mellomrom.)

Me brukar konsekvent det ekte ellipseteiknet, «…» (U+2026), og ikkje tre punktum, «...». I nokre skrifter kan desse sjå litt like ut, mens i andre er det svært synlege forskjellar.

Du kan leggja ellipseteiknet og tankestreken på tastaturet ved å laga ei fil som heiter «.xmodmaprc» i heimemappa, med dette innhaldet:

keycode 60 = period colon ellipsis periodcentered ellipsis periodcentered
keycode 61 = minus underscore endash emdash endash emdash

Køyr no kommandoen xmodmap ~/.xmodmaprc for å oppdatera tastaturoppsettet. No vil «Alt Gr + .» (punktum) gje ellipse og «Alt Gr + -» (bindestrek) gje kort tankestrek. Hald i tillegg inne «Shift» for å få gongeteikn og lang tankestrek (men merk at me berre brukar kort tankestrek på norsk).

I hjelpefiler og andre plassar der ellipsen kan komma på slutten av ei linje, må me bruka eit hardt mellomrom i staden for eit vanleg mellomrom. Dette sikrar at ellipsen ikkje kjem åleine først i ei linje.

Original Dårleg Betre
Open file... Opna fil... Opna fil …

Lister

Det finst to typar lister – punktmerkte lister og nummererte lister. Desse ser forskjellig ut på engelsk og norsk.

Punktmerkte lister

På engelsk brukar ein vanlegvis ein fylt sirkel (•) som punktteikn. På norsk brukar me ein tankestrek (–). Viss tankestrek ikkje er tilgjengeleg, kan du heller bruka ein vanleg bindestrek, men prøv for all del å unngå dette.

Engelsk Norsk
• Item
• Item
• Item
– Punkt
– Punkt
– Punkt

Nummererte lister

På engelsk brukar ein tal etterfølgt av punktum i nummererte lister og overskrifter. På norsk kuttar me ut punktumet, og har eventuelt eit litt større mellomrom mellom talet og punktteksten.

Engelsk Norsk
1. First item
2. Second item
3. Third item
1  Første punkt
2  Andre punkt
3  Tredje punkt

Det same gjeld for øvrig nummererte overskrifter.

Forkortingar

Me skriv alltid initialord med store bokstavar, utan punktum mellom kvar bokstav.

Original Dårleg Betre
URI U.R.I URI

Når det passar, kan me ha utvidinga i parentes etter ordet første gong det dukkar opp, eksempelvis «URI (Uniform Resource Identifier)».

(Men merk at for ordet «URI» føretrekkjer me oftast omsettinga «adresse», som i dei aller fleste tilfelle er presis nok, og mykje meir forståeleg for folk flest.)

Einingar for mål, vekt, mynt og grunnstoff skal heller aldri ha punktum, med mindre dei kjem i slutten av ei setning. Det heiter altså «5 cm» og «1700 MHz».

Andre forkortingar, som «f.eks.» skal alltid ha punktum. Men i omsetjingane våre skriv me heilt ut, og brukar ikkje slike forkortingar, sjølv om dei gjer det i originalteksten. Det er vanlegvis nok av plass til dette.

Fleirtal av forkortingar skriv me med bindestrek, ikkje apostrof.

Feil Framleis feil Rett
CD’ar CDar CD-ar
PC’en PCen PC-en

Tal og siffer

I norsk skal vanlegvis tala null til tolv skrivast med bokstavar, og høgare tal med siffer. Men når store og små tal er blanda, må alle bruka siffer. Det same gjeld i meir tekniske samanhenger:

Original Dårleg Betre
3 folders and 15 files Tre mapper og 15 filer 3 mapper og 15 filer

Me brukar eit hardt mellomrom som tusenskiljeteikn og komma som desimalteikn.

Engelsk Norsk
15,000,000 15 000 000
3.14 3,14

Sjå elles Språkrådet sin informasjon om talreglar.

Storleikar og einingar

Einingar

Som i dei fleste andre land, brukar òg me i Noreg det internasjonale SI-systemet for storleikar og einingar. I omsetjingsarbeidet kjem du sannsynlegvis ikkje i kontakt med fleire enn desse tre einingane:

Storleik Namn Symbol
lengd meter m
masse kilogram kg
tid sekund s

Merk at forkortinga for «sekund» er «s». Det hender originalteksten brukar orda «sec» eller «secs». Omsetjinga skal her bruka «s» (eller «sekund», om det er plass til det).

Det finst òg nokre deriverte einingar, som «hertz» (symbolet «Hz», med same tyding som s–1).

Prefiks

Meir aktuelle er dei ulike prefiksa. Her er dei mest vanlege:

Faktor Namn Symbol
10–3 milli m
10–2 centi c
10–1 desi d
10 deka da
102 hekto h
103 kilo k
106 mega M
109 giga G
1012 tera T

Prefiksa hektar du framfor einingar, utan mellomrom, eksempelvis «MHz = megahertz = millionar hertz».

Mellomrom

Her er reglane for mellomrom mellom måltal og eining:

Original Dårleg Betre
40MB 40MB 40 MB
99% 99% 99 %
26°C 26°C 26 °C
45 ° 45 ° 45°

Sjå elles Språkrådet sin informasjon om mellomrom.

Matematiske operatorar

Det skal òg alltid vera mellomrom mellom operatorar og operandar i matematiske uttrykk og liknande. I samanhengar der uttrykka kan verta delte over fleire linjer, skal du bruka hardt mellomrom før kvar operator (ein operator er for eksempel «+» og «−»).

Me har blitt einige om å bruka desse fire matematiske operatorane (delvis basert på kva som vert mest brukt i lærebøker på barne- og ungdomstrinnet): «+» (pluss), «−» (minus), «·» (multiplikasjon) og «:» (divisjon).

Merk altso at me ikkje brukar bindestrek («-») eller tankestrek («–») som minusteikn. (Men ikkje alle skrifter inneheld ekte minusteikn, so viss du omset eit program med ei skrift utan det, kan du til nød bruka tankestrek, som ofte liknar.)

Rett gongeteikn er altso «·», ikkje «×», «x» eller «*» (dei to siste er ikkje eingong ekte gongeteikn). Men skjermoppløysingar skriv me med teiknet «×», med hardt mellomrom før, og vanleg mellom etter:

Skjermoppløysing: 1280 × 960

(Dette er ikkje bokstaven «x», som gjerne er brukt i dei engelske originaltekstane. Bruk «Alt Gr + Shift + *» for å fram teiknet.)

Rett deleteikn er som nemnt «:», ikkje «∕» eller «/» (sistnemnte er ikkje ein ekte delestrek, men ein vanlig skråstrek). Men brøkar skriv me med ekte teikn, «½» og «¼», ikkje «1/2» og «1/4». Det finst nokre ferdige brøkar, mens andre kan me laga sjølve: ⁶⁷⁸⁄₉₈₇.

Original Dårleg Betre
2+2=4 2+2=4 2 + 2 = 4
8*8=64 8*8=64 8 · 8 = 64
42-2=40 42 - 2=40 42 − 2 = 40
42/2=21 42/2=21 42 : 2 = 21
Resolution:
640x480
Oppløysing:
640x480
Oppløysing:
640 × 480

Store og små bokstavar – eintal og fleirtal

Einingane «bit» og «byte» skal forkortast til «b» og «B». Merk forskjellen på store og små bokstavar. «1 000 mb» er «1 000 millibit» – altså ein bit! Det hender originalteksten inneheld slike feil. Det skal ikkje omsetjinga gjera.

Alle einingar skal vera like i fleirtal som i eintal. For eksempel heiter det «meter» og ikkje «metrar». Dette gjeld òg «bit» og «byte».

Original Dårleg Betre
5 kilometers 5 kilometrar 5 kilometer
80 kilobits 80 kilobiter 80 kilobit
17 bytes 17 bytes 17 byte

Ordet «per» og symbol

Ordet «per» (eller tilsvarande) skriv me alltid som ein vanleg skråstrek («/») i SI-systemet. Merk: Ikkje som ein deleskråstrek, «∕». Dette gjeld sjølv om originalteksten brukar noko anna. Som ein generell regel brukar me òg symbola og ikkje namna på einingane (men gjer unntak der namna passar, eksempelvis i lengre hjelpetekstar).

Original Dårleg Betre
kbps kbps kb/s
kbits/sec kbit/sek kb/s

Binærprefiks

Datamaskiner brukar binærtalsystemet, og potensar av 2 er veldig vanlege. Sidan 210 = 1 024, som er veldig nært 1 000, oppstod det ein tradisjon med å bruka orda «kilobyte» og «megabyte» om 210 byte = 1 024 byte og 220 byte = 1 048 576 byte. Men «kilo» og «mega» er definerte til å vera tusen og éin million, og det oppstod sjølvsagt misforståingar. For eksempel var det veldig populært å bruka SI-definisjonen ved sal av harddiskar, men binærdefinisjonen ved kjøp …

Etter kvart vart vanlegvis SI-megabyte brukte i samband med minne, men «binær-megabyte» i samband med harddiskar og lagringsplass. I modemsamanheng var ein «kb» 1 000 bit, mens i andre samanhenger var det vanlegvis 1 024.

Heldigvis finst det ei løysing på dette problemet. I 1998 standardiserte IEC binærprefiks. Desse brukar dei to første bokstavane i dei vanlege prefiksa, pluss bokstavane «bi» (av «binary»). Dei gamle prefiksa skal i datasamanheng brukast som definert i SI-standarden (slik at ein kilobyte er tusen byte).

Faktor Namn Symbol
210 kibi Ki
220 mebi Mi
230 gibi Gi
240 tebi Ti

Uttalen følgjer vanlege norske uttalereglar (òg på engelsk!).

Desse prefiksa vert brukte i stadig fleire program og vitskaplege tidsskrift. I omsetjingane brukar me konsekvent desse prefiksa der dei passar, uavhengig av kva originalteksten seier. Dette for å unngå misforståingar.

Viss programmet faktisk brukar kilobyte, megabyte eller liknande skal du sjølvsagt ikkje endra dette til kibibyte, mebibyte og gibibyte. Det er berre viss programmet feilaktig brukar SI-eingane du skal retta dette til binærprefiks. Det er derfor særs viktig å sjekka at programma faktisk meiner for eksempel «kibibyte» når det seier «kB», «KB», «kb», «kbytes» eller liknande. Sjå i kjeldekoden (viss programmet deler på «1 024», brukar det kibibyte, og viss det deler på «1 000» brukar det kilobyte), eller kontakt forfattaren.

Original Dårleg Betre
kB kB KiB (viss korrekt)
Kb Kb Kib (viss korrekt)
gb gb GiB (viss korrekt)
mbytes/sec mb/s MiB/s (viss korrekt)

Du kan òg lesa meir informasjon om binærprefiksa og einingar generelt, viss du er interessert i det. Elles er dokumentasjonen til «SIunits» ein framifrå ressurs viss du er typen som likar å grava deg ned i alle detaljar rundt SI-standarden.

Samsvarsbøying

Samsvarsbøyinga vil kort sagt seia at me bøyer adjektiv i både kjønn, tal og bestemming. Det heiter for eksempel «ei vald melding» men «eit valt dokument» og «fleire valde dokument». Vidare heiter det «ein lesen e-post», men «den lesne e-posten». Etter 2012-reforma vart det lov å bruka forenkla samsvarsbøying for svake verb, men me har valt å halda på full samsvarsbøying. Det er ikkje så vanskeleg som det kanskje høyrest ut.

Språkrådet har ei enkel men ufullstendig innføring i full samsvarsbøying, og i bladet Statsspråk nr. 4/97, finn du ei meir omfattande oversikt (med overskrifter som «Berre for spesialistar» og «Berre for professorar», men det gjeld for alle oss omsetjarar òg!).

Elles, dersom du er i tvil om samsvarsbøying for eit ord, er det berre å bruka programmet ordbanken. Dette gjer det lett å slå opp alle formene av eit grunnord, og viser resultatet i ein oversiktleg, fargekoda tabell. Det har òg eit tilhøyrande KDE-grensesnitt.

Eksterne hjelpemiddel

Her er ei oversikt over nokre eksterne, elektroniske hjelpemiddel som er nyttige å kjenna til i omsetjingsarbeidet. Elles finst det eit hav av ordbøker, oppslagsverk og liknande, trykt på daude tre. Språkrådet har ei liste over nokre av desse ikkje-elektroniske hjelpemidla.

Ordbøker og ordlister

Generelt

Matematikk

Økonomi

Data

Dyr, fuglar og fisk

Anna

Dataomsetjingsordlister

Ordlister frå ferdig omsett programvare

Andre dataomsetjingsordlister

Skrivereglar

Diskusjonsgrupper

Kjelder

Her er ei oversikt over kjeldene brukte til utforming av desse retningslinjene. I tillegg er mykje informasjon henta frå eksisterande Skulelinux-dokument. Andre kjelder er dei ulike lenkjene spreidde rundt i dokumentet.