Skulelinux: Omsetjing

Omsetjing

Språk

Skulelinux

Teknisk informasjon om i18n.skulelinux.no

På i18n.skulelinux.no prøver me òg ut teknikkar for ulike språkutgåver av nettsidene. Dei nettsidene som finst på både bokmål og nynorsk har namn som index.html.nb og index.html.nn. I nettlesaren oppgir du berre index.html, og så får du servert sida på det språket du føretrekk:

  1. Dersom du har oppgitt i nettlesaren at du føretrekk anten nynorsk (nn) eller bokmål (nb), får du det språket du vil ha. (Dersom sida finst på det språket. Viss ikkje, kjem sida på sidemål.) Dette skjer ved hjelp av språkforhandlingsfunksjonane til Apache.
  2. Dersom nettlesaren ikkje oppgir verken nynorsk eller bokmål (men eit anna språk, til dømes engelsk (en) som er standardinnstillinga i mange nettlesarar, eller norsk (no)), vert språkvalet gjort ut frå kva for adresse du har nytta for å nå sida. i18n.skolelinux.no gir bokmål, medan i18n.skulelinux.no gir nynorsk. HTTP-feilmelding 406 er overstyrt slik at me kan gjera eit intelligent val i staden for at brukaren skal måtta velja målform sjølv. PHP-skriptet som handterer feilen kan du sjå i CVSweb.
  3. Dersom nettlesaren ikkje oppgir språk i det heile, avgjer Apache språket ut frå LanguagePriority-direktivet. Dette har verdien'nb nn' for i18n.skolelinux.no og 'nn nb' for i18n.skulelinux.no.

Dei sidene som finst på begge språka må innehalda nett den same informasjonen. Ordlister, språkreglar og anna som er spesifikt for eitt språk skal liggja i eigne underkatalogar (http://i18n.skulelinux.no/nb/ og http://i18n.skulelinux.no/nn/). Her treng det ikkje finnast parallellutgåver.

Dersom ei nettside til dømes berre finst på bokmål, vil òg nynorskbrukarar få servert bokmålsutgåva. Korleis det fungerer, kan du prøva med sidene ansvarleg.html (finst berre på nynorsk) og svn-123.html (berre bokmål). Ein nynorskbrukar som absolutt vil sjå bokmålsutgåva av til dømes index.html, kan eksplisitt oppgi adressa index.html.nb.

Gaute Hvoslef Kvalnes, 2001-11-10