next up previous contents
Next: Omsetjingsarbeidet Up: Omsetjarhandbok for Skulelinux Previous: Contents   Contents

Subsections


Skulelinux


Kva finst?


Kva er Linux og fri programvare?


Kva er KDE?


Kva finst på norsk i dag?


Kva trengst?


Mål for Skulelinux-prosjektet

Skulelinux skal levera ein programpakke som er spesielt tilpassa norske skular. Elevar og lærarar er ei krevjande målgruppe, så me må leggja mykje arbeid ned i å laga eit bra produkt.


Vidare arbeid med dei programma som alt er omsette

Noko av det fine med fri programvare er at ein ikkje treng setja om alt på ein gong. Store programpakkar som KDE og GNOME er delte opp i modular og enkeltprogram. På den måten vert det lett for omsetjarane å prioritera det viktigaste.

Omsetjing er ikkje eit eingongsarbeid, det krev kontinuerleg innsats. I Skulelinux brukar me i dag KDE 2.2.2, men KDE 3.0 er alt komen ut og utviklinga held fram i høgt tempo. I tillegg til at programma vert stadig betre, er det viktig for truverdet til fri programvare at me klarar å halda følgje.

Alle program har hjelpetekstar, men svært få av desse er i dag omsette. Omsetjing av hjelpetekstar er ofte meir omfattande enn arbeidet med sjølve programtekstane.

Alle omsetjingane våre skal korrekturlesast. I første omgang vert det gjort internt, men alltid av ein annan omsetjar. Me ønskjer at kvaliteten på omsetjingane skal sikrast profesjonelt av Språkrådet eller andre, men det vil kosta pengar.


Arbeid med nye program

StarOffice-pakken er i dag kanskje det beste alternativet når det gjeld kontorstøtteprogram for Linux. Pakken er brukarvennleg og svært omfattande. Overgangen frå Microsoft-produkt til StarOffice er liten. StarOffice er eit kommersielt produkt, medan OpenOffice er ein nesten identisk fri versjon. Sun Norge er interesserte i å finansiera omsetjing til bokmål og nynorsk.

Frå og med KDE 3.0 inneheld KDE ein eigen modul for pedagogiske program: kdeedu. Fleire andre program kan òg vera aktuelle, særleg dersom skular kjem med tilbakemeldingar om kva for program dei ønskjer.


Terminologi og språklege retningslinjer

Sams terminologi på tvers av ulike program er svært viktig. Dessutan bør terminologien vera mest mogleg lik på nynorsk og bokmål. Lik rettskriving er ein fordel, men så lenge ein held seg innan læreboknormalen er ikkje det eit krav. (Det er viktigare at arbeidet vert gjort enn at alle omsetjingane følgjer nett den same språknormalen.) Ein del program (til dømes heile KDE-pakka) må bruka same rettskriving fordi dei brukar felles språkressursar.

Me vil byggja opp ordlister for terminologien og generelle retningslinjer for rettskrivinga.

Dei samiske omsetjingane er spesielle på fleire måtar. For det første dreg dei berre i liten grad nytte av dei eksisterande norske omsetjingane. Dessutan finst det lite dataterminologi på samisk - dette er nybrottsarbeid!


Organisering

På omsetjarnettstaden[*] finn du informasjon om organiseringa av prosjektet. Her finn du adresser til koordinatorane, rettleiarane og e-postlistene, i tillegg til ein del annan nyttig informasjon. Nettstaden inneheld dessutan eit par «innføringskurs», som er godt eigna til sjølvstudium av ymse emne.


next up previous contents
Next: Omsetjingsarbeidet Up: Omsetjarhandbok for Skulelinux Previous: Contents   Contents
Gaute Hvoslef Kvalnes 2002-05-07