Docbook i KBabel
Hjelpetekstane til KDE er skrivne i Docbook-format. Dette er
reine tekstfiler med nokre spesielle element:
- Taggar er tekst som står inne i <vinkelparentesar>.
Vanlegvis står taggane parvis, med ein <opningstagg> og ein
</avsluttingstagg>. Taggane skal alltid vera like på engelsk og
i den omsette utgåva.
- Entitetar er ein annan type tekst, som ser &slik; ut.
Dei skal òg skrivast nett som på engelsk, så det er berre å hugsa på at
ord som byrjar med & og sluttar med ; skal kopierast.
Døme
- Engelsk tekst
- To enable or disable the task, select or de-select
<guilabel>Enabled</guilabel>.
- Bokmålsomsetjing
- For å slå på eller slå av oppgaven, marker eller ta vekk markeringen
<guilabel>Slå på</guilabel>.
- Engelsk tekst
- Alternatively, you can use the <mousebutton>right</mousebutton>
mouse button menu and choose <guimenuitem>Copy</guimenuitem>, or simply
press <keycombo
action=\"simul\"><keycap>Ctrl</keycap><keycap>C</keycap></keycombo>.
- Bokmålsomsetjing
- Du kan også bruke <mousebutton>høyre</mousebutton> museknappmeny og velge
<menuchoice><guimenuitem>Kopier</guimenuitem></menuchoice>, eller bare
trykke <keycombo
action=\"simul\"><keycap>Ctrl</keycap><keycap>C</keycap></keycombo>.
Så lenge du hugsar på at <taggane> og &entitetane; skal vera
heilt like, er omsetjinga i grunnen enkel. Det som står mellom ein
opningstagg og ein avslutningstagg skal setjast om som vanleg.
KBabel
KDE-hjelpefilene er overførte til PO-format, slik at dei kan omsetjast
i KBabel. PO-formatet forenklar òg oppdateringar etter kvart som
originalfilene vert utvikla. Du finn hjelpefilene under doc-katalogen i
katalogbehandlaren.
Eit svært nyttig triks i KBabel er snøggtasten Ctrl-Alt-N, som automatisk
set inn taggane frå originalteksten. Du kan elles bruka Page Up og Page Down
for å bla fram og tilbake i fila.
Når du er ferdig, sjekkar du den omsette fila inn i SVN.